Bibliotekprosjekt 2021

Klikk for stort bilde Biblioteka i Fjellregionen har god tradisjon for samarbeid og prosjektjobbing. Rendalen, Folldal, Tynset, Tolga og Os bibliotek har i år fått kr 90 000 frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet "Ei bok for alle alltid" (foreløpig tittel). Formidling av god litteratur står i sentrum - det er så mange gode bøker, men det er ikkje alltid like lett å finne boka som passar for nett deg. Dette skal bibliotekarane ta tak i - med podcastar med litterære freistingar, anbefalingar frå kjende og ukjende personar, og nokre spennande arrangement på kvart bibliotek. Nord-Østerdal kulturforening og andre aktørar er samarbeidspartnarar.

Oppstartmøtet var fredag 5. februar, og bilbioteksjefane planlegg å publisere interessante podcastar og fine arrangement utover både dette og neste år. Følg med!

På bildet: Kari Skancke Langen (Tolga bibliotek) Oddveig Kværnes Bakkom (Rendalen bibliotek), Anne Kristin Rødal - på Teams (Os bibliotek Bjørnsons Minde), Marina Pettersen (Folldal bibliotek) og Ellen Lie (Tynset bibliotek).