Fjellnettverket søker gardsbruk til å være med i prøveordningen: Bondens Bord!

fredag 26. april 2024 23.50 - lørdag 27. april 2024 23.50

Informasjon

Driv du gardsbruk i fjellet? Likar du å lage mat og formidle? Produserer du eigne råvarer? Fjellnettverket søker gardbrukarar som vil vere med å prøve ut ei ny serveringsordning det er potensiale for auka inntekter og meir verdiskaping for gardsbruk i fjellet.

Nye reisevanar gjer at folk ynskjer seg nye tilbod. Slik trendane ser ut i dag, blir det stadig fleire som vil oppleve det autentiske, og som vil ha opplevingar utanfor allfarveg. 

 På Færøyane finst det ei ordning som kallast for Heimablidni, der gardsbruk tilbyr matservering frå eige kjøken. Gjestene som besøker gardsbruk får oppleve lokal færøysk mat og gjestfridom i ein færøysk heim. Ordninga bidrar til at fleire færøyske verksemder får del i den stadig veksande turismen i landet. 

Fjellnettverket har starta ei prøveordning som kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Den norske varianten har fått namnet Bondens bord.  Ni gardsbruk frå fjellområda er godt i gang, og no ynskjer me fleire velkomne til å vere med. 

 

Me ynskjer oss 

•      gardsbruk frå i Innlandet, Telemark og Buskerud

•      at serveringsaktiviteten som startar opp har utgangspunkt i et gardsbruk i fjellet 

•      at maten lagast i eige (hushaldets) kjøken og serverast i eige (hushaldets) kjøken/stue

•      at eigne eller lokale produkt er utgangspunkt for menyen

(Det er ein fordel om garden driv produksjon av eigne råvarer som kan brukast i serveringa). 

 

Me søker gardsbruk som 

•      er engasjerte, interesserte og har lyst til prøve ut eit nytt konsept 

•      likar å lage mat og er glade i formidling

•      er villige til å gå gjennom søknadsprosess med Mattilsynet og kommunen (søke om skjenkeløyve og serveringsløyve). 

•      Vil vere med på kurs og samlingar om matlaging, trygg mat, formidling og marknadsføring 

•      kan starte opp serveringsverksemda i løpet av sommaren. 

 

Kva tilbyr me: 

•      Tilgang til eit aktivt nettverk av andre som testar ut Bondens bord

•      Kurs, møte og samlingar for å auke kunnskapen om tema knytt til Bondens bord

•      Synleggjering av ordninga og dei som deltar

•      Nettverk og fagfolk som hjelper deltakarane i gang

 

Kva gjer du viss du har lyst til å vere med: 

Klikk på lenka og fyll ut søknadsskjema: https://forms.office.com/e/CZMs5FuGyi

Søknadsfrist: 26. april

Digitalt informasjonsmøte om ordninga: 30. april 

 

Har spørsmål kan du kontakte prosjektleiar Elin Halland Simensen i Fjellnettverket. Tlf.  995 94 922 eller send ein e-post til elinsi@bfk.no

Les meir om Bondens bord

Kontakt

Legg til hendelsen i din kalender